lørdag 15. august 2009

ADVARSEL!


Det burde vere advarslar på feit mat. Same som det er på røyk. Det har jo eigentleg same effekten. Røyken gjer at blodårene trekk seg saman, medan feit mat gjer at blodårene tettar seg. Kvifor er det ikkje nokon slike advarslar? Vi har lært om dei på skulen, men etter skulen og i dagleglivet får du eigentlig ikkje noko særlig med informasjon om du ikkje søkje etter det.

fredag 14. august 2009

GIFT I EIT HEILT LIV!


Her ein dag satt eg på med bestefaren min i bilen. Eg la merke til det at han hadde på seg gifteringen sjølv om han er blitt enkemann for over eit år sidan. Det er noko rart med kjærligheit. Når du har funne den riktige, og klarer og halde ut med den personen resten av livet, og ende lenger.
I kyrkja sei jo presten noko lignande dette " *Navn* tar du denne kvinnen/mannen som står ved din side. Vil du love og elske og ære henne/han til døden skiller dere av?"
Eg meiner det er vannvittig bra gjort og klare å halde ut med ein person, eit heilt liv!

torsdag 13. august 2009

GRAVID SOM TENÅRING


Ein ting eg har tenkt på er å få barn i ung alder. Mamma fikk min eldre bror når ho var ganske ung. Og i går når eg driev og surfa rundt fann eg ein blogg om ei jente på 17 år som har ei lita jente på 3 måndar. Eg tykte det var veldig interessant og lese om korleis du hadde det under graviditeten og under fødselen.
http://sofieleiros.blogg.no/ - Check it out.. Ho fortjenar det!





























onsdag 12. august 2009

Er vel ikkje så masse å sei?

Dette er mitt første innlegg på denne bloggen. Er vel ingen som les dette nå i skrivande i stund, men dette kjem til å bli ein anonym blogg.

Sidan det er så seint som det er, kjem det nytt innlegg i løp av morgondagen (som eigentleg er i dag). Også ser vi.